Topmenu

Ja til Eikeelva kraftverk i Haram kommune

NVE gjev Clemens Kraft AS løyve til å bygge Eikeelva kraftverk i Haram kommune i Møre og Romsdal. Kraftverket vil produsere om lag 4,5 GWh i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til 225 husstandar.

Eikeelva kraftverk vil nytte eit fall på 309 meter i Eikeelva, mellom inntak på kotehøgde 345 og kraftstasjon på kotehøgde 36. Vassvegen på om lag 1600 meter er planlagt nedgraven på heile strekninga.

NVE legg vekt på at ei utbygging av Eikeelva kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa miljøeffektar. Konfliktane er primært knytt til moglege konsekvensar for landskap og naturmangfald.

NVE meiner at ulempene kan avgrensast ved å sette vilkår om mellom anna tilstrekkeleg minstevassføring og aktsemd i anleggsfasen. NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Eikeelva kraftverk.

No comments yet.

Legg igjen en kommentar

Laget med Wordpress av Sigrun Norhagen