Topmenu

Kontraktsrush for småkraftspesialisten Energi Teknikk

Sju nye ordrar, deriblant ein rekordkontrakt, har for alvor gitt leverandøren av småkraftverk fart på turbinhjula inn i 2017.

Energi Teknikk, ein av Noregs leiande totalleverandørar av utstyr og tenester for utbygging av småkraftverk, omsette i fjor for totalt 60 millionar kroner. Verksemda med tilhald i Rosendal i Hordaland hadde tru på vekst i 2017, men inngangen på året har sprengt alle forventningar. Berre sidan årsskiftet har Energi Teknikk signert kontraktar for levering av komplette turbinanlegg til fem norske småkraftverk, og selskapet ventar å signere ytterlegare to kontraktar innan kort tid. Leveransen til Vaksvik kraftverk i Møre og Romsdal er den største enkeltkontrakten i Energi Teknikk si snart 20 år lange fartstid.

Langt framfor skjema

– Rekordkontraktar er alltid kjekt, men for oss er det den samla ordreinngangen som gir størst grunn til feiring. Med nye kontraktar for rundt 70 millionar kroner har me nådd budsjettmålet for 2017 berre i løpet av årets to første månader, og ordrane aukar aktiviteten vår med 50 prosent samanlikna med fjoråret, smiler Arild Klette Steinsvik, dagleg leiar i Energi Teknikk.

Han er overraska, men aller mest stolt over det småkraftspesialisten har fått til.

– Me er no godt sysselsette langt uti 2018, noko som både tryggar lokale arbeidsplassar og gir aktivitet for underleverandørane våre. Ekstra gledeleg er det også at halvparten av kontraktane er inngått med eksisterande kundar. At dei gjev oss fornya tillit, viser at me har ein robust organisasjon som leverer produkt og tenester av høg kvalitet til konkurransedyktige vilkår, seier Steinsvik.

Eit kompetansesenter for småkraft-teknologi

Han peikar på fleire faktorar som utslagsgjevande for oppturen i 2017: Oppsving i marknaden generelt, effekt av verksemda sitt langsiktige og målretta relasjonsarbeid mot utbyggjarane av småkraftverk, samt auka respekt for kompetansesenteret som Energi Teknikk har bygd opp i Rosendal.

– Dette kompetansesenteret samlar kunnskapen og erfaringa vår frå 150 leverte anlegg gjennom to tiår. Her har me bygt opp leiande kompetanse på både oppføring og drift av småkraftanlegg. Me har utvikla våre eigne turbindesign og kontrollanlegg, og har solid kompetanse på berekningar og strømningsoptimalisering. At me som totalleverandør også kan tilby gode servicetenester, mellom anna med vakttelefon der me kan kontaktast 24 timar i døgnet, gjev kundane ein meirverdi, meiner Steinsvik.

Den daglege leiaren trur også at fjorårets eigarskifte og organisasjonsendring har bidrege til å styrke Energi Teknikk sin posisjon i marknaden.

– Selskapet var i ei årrekkje eigd av finansielle eigarar basert på Austlandet. I fjor haust samla Energi Teknikk-gründeren Eivind Tvedt ein lokal konstellasjon som kjøpte 82 prosent av aksjane i selskapet. Sidan har me fått fleire tilbakemeldingar om at overgangen til eit meir lokalt forankra eigarskap som er tettare på drifta av selskapet har gjeve oss auka tillit i marknaden, då me blir oppfatta som ein sikrare og meir solid samarbeidspartnar. At me samstundes justerte organisasjonen og leiinga for å bli endå meir robuste i gjennomføringa av prosjekta våre, har også blitt lagt positivt merke til blant kundane våre, fortel Steinvik.

Satsar i inn- og utland

Vidare i 2017 handlar kvardagen til dei 15 tilsette i stor grad om å stå på for å oppfylla forventingane som kundane har til både produkt og servicetenester.

– I tillegg skal me sjølvsagt jakte på endå fleire prosjekt, så me kan fylle på med aktivitet utover 2018, 2019 og 2020. Då ser me mot både inn- og utland, seier dagleg leiar – som også reknar med å styrke staben ytterlegare i 2017.

Energi Teknikk har tidlegare levert to turbinanlegg til småkraftverk i Romania, samt eitt til Makedonia.

– Me jobbar framleis målretta med utanlandssatsinga vår, men her har me ein litt lengre veg å gå. Selskapet siktar seg først og fremst inn mot Balkan-regionen, då topografien der er ganske lik den me har i Noreg og det vert satsa på småkraftanlegg, forklarer Arild Klette Steinsvik.

Gründer og styreleiar Eivind Tvedt (t.v) saman med dagleg leiar Arild Klette Steinsvik (Foto: Kvinnheringen)

Gründer og styreleiar Eivind Tvedt (t.v) saman med dagleg leiar Arild Klette Steinsvik (Foto: Kvinnheringen)

No comments yet.

Legg igjen en kommentar

Laget med Wordpress av Sigrun Norhagen