Topmenu

Løyve til kraftleidning mellom Bardufoss og Finnfjordbotn

NVE gjev Troms Kraft Nett AS løyve til å byggje ein 34 km lang kraftleidning mellom Bardufoss og Finnfjordbotn transformatorstasjonar i kommunane Målselv, Lenvik og Sørreisa i Troms fylke.

Den nye 132 kV kraftleidningen skal erstatte den eine av dei to 132 kV leidningane som går på strekninga i dag, og vil i hovudsak verte bygd i same trasé. Frå Bardufoss transformatorstasjon og fram til Andselv sentrum, og ved innføringa til Finnfjordbotn transformatorstasjon, skal leidningen byggast som jordkabel.

Leidningen vil sikre straumforsyninga i området. Dagens leidning er gamal, og i ein slik tilstand at det er naudsynt å fornye leidningen.

No comments yet.

Legg igjen en kommentar

Laget med Wordpress av Sigrun Norhagen