Topmenu

Løyve til Staurset-Hofset kraftverk

NVE gjev Clemens Kraft AS løyve til å bygge Staurset-Hofset kraftverk i Hemne kommune i Sør-Trøndelag. Kraftverket vil produsere om lag 14,4 GWh i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 720 husstandar.

I vedtaket legg NVE vekt på at ei utbygging av Staurset-Hofset kraftverk, utan, overføringar vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa effektar for miljø og brukarinteresser.

Kraftverket er planlagt i Staursetelva, med hovudinntak på kote 245 og kraftstasjon på kote 35. Vassvegen på om lag 2400 meter er planlagt nedgraven på heile strekninga. NVE har vurdert tiltaket å medføre akseptable og relativt små ulemper for naturmiljøet. Konfliktane er primært knytt til moglege konsekvensar for landskap og biologiske verdiar. NVE har særleg merka seg at dei planlagde overføringane av to små bekkar ville gje store inngrep og lite kraft. Nytta ved å overføre desse er mindre enn ulempene og NVE har difor avslått denne delen av søknaden.

NVE meiner at ulempene kan avgrensast ved å sette vilkår om ei minstevassføring på 140 liter i sekundet i sommarsesongen (1/5 -30/9) og 50 liter i sekundet resten av året. NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Staurset-Hofset kraftverk.

No comments yet.

Legg igjen en kommentar

Laget med Wordpress av Sigrun Norhagen