Topmenu

Ny kraft i Matrevassdraget

BKK har åpna sitt 30. kraftverk, bygd utan nye reguleringar. Krokevatn kraftverk i Matrevassdraget vil produsera vel 13 GWh i året, som tilsvarar det samla straumforbruket til alle hushaldningane i Masfjorden.

Sjølv om dette ikkje er eit stort kraftverk bidrar det positivt til å redusera utsleppet av klimagassar. 13 GWh vasskraft reduserer det årlege CO2-utsleppet med om lag 6 500 tonn om alternativet er kolkraft. Det tilsvarar utsleppet frå rundt 2 600 bilar.
Dei siste åra er vi alle blitt klar over dei store klimautfordringane vi står overfor. Vi må få ned CO2-utsleppa. Verda treng mykje meir fornybar energi, og ikkje minst meir vasskraft, sa styreleiaren i talen sin. For BKK betyr det mykje å vera ein del av løysinga på klimautfordringa. Selskapet har ambisiøse planar for å auka produksjonen av vasskraft og annan fornybar energi. Målet er ein vekst på 2 TWh innan 2015, når vi tar med satsinga i utlandet.
Denne veksten i fornybar produksjon er åleine nok til å dekkja samla årsforbruk av straum til alle hushaldningane i Bergen og Os.

Kryssar kommunegrensene
Byggjearbeidet starta i juli 2008 og vart avslutta i oktober i år. Kraftverket utnyttar fallet på 78 meter mellom Krokevatn og Fjerde Mosedalsvatn som blir inntaksmagasin. Aggregatet vil ha ein effekt på 3,3 megawatt. Utbygginga har kosta om lag 46 millionar kroner.
55 prosent av nedbørsfeltet til kraftverket kjem frå Masfjorden, medan Høyanger leverer 45 prosent. 80 prosent av magasina ligg i Masfjorden, men vatnet vert utnytta i kraftverket i Høyanger, før det renn vidare til Masfjorden og endar i Matre kraftverk.

Få synlege spor
Det går i dag ein overføringstunnel mellom Kvanngrøvatnet/Fjerde Mosedalsvatn og Langevatn. Krokevatn kraftverk har kopla seg på denne tunnelen med eit rør som går det siste stykket frå Langevatnet ned til Krokevatnet. Røret er grave og sprengt ned i terrenget og tildekka etterpå, slik at det er få synelege spor i terrenget.
Krokevatn kraftverk blir det andre BKK har ved Krokevatnet. På motsett side av vatnet ligg Vestrebotn kraftverk som har vore i drift sidan 1999. Det nye kraftverket er bygd etter same modell som Vestrebotn. Kraftverket ligg i eit vassdrag som allereie er bygd ut. Vi får meir fornybar kraft utan å regulera fleire elvar, seier prosjektleiar Gudmund Trætteberg i BKK.

No comments yet.

Legg igjen en kommentar

Laget med Wordpress av Sigrun Norhagen