Topmenu

Ny kraftleidning til Bodø

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve Nordlandsnett løyve til å byggje ein ny kraftleidning mellom Hopen og Tjønndalen transformatorstasjonar i Bodø kommune. Nordlandsnett har òg fått løyve til å leggje om to eksisterande kraftleidningar ved Hopen.

Frå Hopen til Breiva vil den nye 132 kV kraftleidningen byggjast som en 5,4 km lang luftleidning. Frå Breiva til Tjønndalen vil den byggjast som ein 8,4 km lang jordkabel.

NVE meiner ein ny kraftleidning og omlegging av eksisterande leidningar ved Hopen er naudsynte for å gje Bodø ein sikker straumforsyning også framover.

NVE har satt krav om at Nordlandsnett må lage ein miljø-, transport- og anleggsplan som blant anna skal beskrive gjennomføringa av anleggsarbeidet.

No comments yet.

Legg igjen en kommentar

Laget med Wordpress av Sigrun Norhagen