Topmenu

Soria på Europakartet

Under European Utility Week i Amsterdam i byrjinga av november trakk SORIA stappfullt hus då alliansen presenterte sin AMS-førespurnad for representantar frå den internasjonale leverandørindustrien.

- Overveldande fordi vi ikkje under noko omstende rekna med at fleire hundre nyfikne leverandørar ville ta turen innom vår presentasjon under konferansen. Inspirerande fordi responsen frå deltakarane stadfester at vi tenkjer rett og at vi har valt framtidsretta AMS-løysingar, understrekar programsjef for SORIA, Hans Terje Ylvisåker, som ikkje trur den massive oppslutnaden kjem som ein konsekvens av at marknaden augnar ein storkontrakt på målarar, montasje og kommunikasjonsløysingar.

- Nei, for dei store internasjonale målarleverandørane er eit volum på 700 000 målarar relativt beskjedent. Men vår IP-baserte kommunikasjonsløysing vekkjer derimot oppsikt, meiner Ylvisåker. Han har inntrykk av at leverandørmarknaden er på ulike stadier i utviklinga av framtidsretta AMS-teknologiar. Nokon meiner vi er for tidleg ute med våre krav til målar- og kommunikasjonsteknologi. Andre seier timinga vår er god. Møtet med leverandørane gav altså SORIA den naudsynte tryggleik for at dei samarbeidande nettselskapa si føretrukne teknologiløysing er tilgjengeleg.

Ylvisåker opplyser at SORIA-selskapa inviterte leverandørane gjennom Sellihca (energibransjen sitt leverandørregister) og på den måten oppfylte SORIA krava til likebehandling i innkjøpsprosessen.

- Overveldande og inspirerande, oppsummerer programsjef for SORIA, Hans Terje Ylvisåker, foto: BKK.

– Overveldande og inspirerande, oppsummerer programsjef for SORIA, Hans Terje Ylvisåker, foto: BKK.

Dei 29 samarbeidande SORIA-selskapa sender i desse dagar førespurnaden på målarar og montasje. Kontraktsinngåing er venta i slutten av første halvår 2015.

Les mer i Volt nr 8 – 2014.

No comments yet.

Legg igjen en kommentar

Laget med Wordpress av Sigrun Norhagen